Du er her:  Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

BB ServiceSystem er miljøsertifisert

(20.04.2008)

BB ServiceSystem er no miljøsertifisert etter standarden ISO 14001. Selskapet fekk sertifikatet 16. april 2008, og det gjeld fram til 16. april 2011.

I sertifiseringsprosessen har BB ServiceSystem hatt Moody International Certification AS som samarbeidspartnar gjennom NHO Service.

ISO 14001 er ein internasjonal standard for miljøstyring som er basert på konsepta kontinuerleg forbetring og overhalding av regelverk. Standarden inneheld nøkkelelement for effektiv miljøstyring, og den set krav til fastsette miljømål og til system som kan bidra til å nå måla.

BB ServiceSystem har lagt mykje arbeid i søknaden om miljøsertifisering, som er ført i pennen av husøkonom Hanne Grande Loen. Selskapet har fått god hjelp av NHO Service i prosessen.

BB ServiceSystem sine miljømål er å ha fokus på kjeldesortering, retur av emballasje, eingangsartiklar og resirkulering. - Vi har gjort miljøsertifiseringa for å imøtekomme framtidige krav frå kundane våre, og vi håpar at sertifiseringa vil vere ein konkurransefordel for oss, seier dagleg leiar Marianne Ullaland Knapstad.


Jobb hos BB Servicesystem

 

Vi har fortløpende behov for nye medarbeidere. Ønsker du å søke jobb hos oss, send oss en e-post her.

Vi vil alltid trenge vikarer. Send oss gjerne din CV dersom du er interessert.

Kontakt oss


BB ServiceSystem Sogn og Fjordane AS
Postboks 81
6901 Florø

Telefon: 97 16 70 00
E-post: post@bbservicesystem.no

Daglig leder:
Marianne Ullaland Knapstad

Få pris på renhold






      

Moody International     NHO Service     StartBANK   Ren Utvikling   Sellihca Qualified TransQ Qualified  Achilles JQS Qualified

Gasta DotNetNuke

Internt    Admin