Ny avtale med Lotteri- og stiftelsestilsynet
(23.10.2007) BB ServiceSystem har inngått avtale med Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde om reinhald og kantinedrift. Avtalen tar til å gjeld frå 1. januar 2008, og den er inngått for tre år framover. - Dette er ein av dei største avtalane vi har i Førde. Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein veldig interessant kunde for oss, seier dagleg leiar Marianne Ullaland Knapstad i BB ServiceSystem.
I Florø har BB ServiceSystem inngått avtale om reinhaldet av den nybygde butikken til Drageset Krokane, som opna nye butikklokale 15. november. Avtalen med Drageset Krokane gjeld i fire år framover.
I Svelgen har BB ServiceSystem har overtatt reinhaldet hos fleire selskap frå Bygg og Reinholdsservice AS i Svelgen. Dette selskapet skal heretter konsentrere seg om andre aktivitetar enn reinhald. BB ServiceSystem utfører no reinhaldet i kontorlokala både til Elkem Bremanger, Elkem Energi Bremanger, INC Vedlikehold Svelgen og Navic Engineering. BB ServiceSystem har overtatt fem tilsette frå Bygg og Reinholdsservice. BB ServiceSystem har ikkje vore etablert i Svelgen tidlegare.