Mangedobla aktivitet i Ålesund
(24.02.2010) BB ServiceSystem overtok i januar 2010 selskapet Rent og Pent Rengjøring i Ålesund, med ti tilsette. BB ServiceSystem overtok også kundeporteføljen til selskapet. Dermed mangedoblar BB ServiceSystem aktiviteten ved avdelinga si i Ålesund.
Mellom dei nye kundane som BB ServiceSystem har fått i Ålesund er Ekornes, Norway Pelagic, Fiskeridirektoratet, Møreforsking, SINTEF, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalgslag, Tide Sjø m.fl.
- Vi har fått mange nye store og små kundar i Ålesund, og vi ser på Ålesund som ein stor marknad. NorTekstil har vaskeri i byen, og vi har eit tett samarbeid med NorTekstil når det gjeld kontor m.v., fortel dagleg leiar Marianne Ullaland Knapstad i BB ServiceSystem. Ålesund-avdelinga har no 14 medarbeidarar.