Nye og fornya avtaler
(01.08.2009) BB ServiceSystem har fått fornya reinhaldsavtalen med DnB NOR i begge fylka med tre år. Banken har hatt reinhaldstenesta ute på landsomfattande anbod. Den nye avtalerperioden med BB ServiceSystem startar 1. september 2009. Avtalen omfattar DNB Nor sine tre kontor i Ålesund, to kontor i Molde, og kontora i Kristiansund, Måløy, Nordfjordeid og Førde.
I Florø har Amfi-senteret fornya reinhaldsavtalen med BB ServiceSystem for ein ny periode etter anbodskonkurranse. Den nye avtaleperioden går frå september 2009 til mai 2012. BB ServiceSystem har også fått oppdraget med reinhald av den nye barnehagen på Sørstrand i Florø (bildet).
I Førde inngjekk BB ServiceSystem nye reinhaldsavtaler for Viebøen barnehage i januar og for Førde lensmannskontor i juni 2009.
